Svartenut turisthytte

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Svartenuthytta i 2010
Turisthytta med Risåne i framgrunnen.
Foto: Reidar Tveito

Svartenut turisthytte, eller berre Svartenut som mange seier, ligg i løypa mellom Berg i Valle og Brokke-Suleskarvegen, og ligg 975 moh. Eigar er KOT, Kristiansand og Opplands Turistforening, som nå heiter DNT Sør. Hytta ligg i Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane Landskapsvernområde og vart sett opp i 1972. Det er 20 sengeplassar fordela på to soverom og hems, og hytta er sjølvbetent.

Frå Berg kjem ein fyrst opp til Stavskarhytta og kan overnatte der om det høver slik. Ikkje så langt frå Stavskarhytta ligg den kjende Svarvarnuten på 1378 moh. Deretter kjem ein til Bossbu turisthytte som er sjølvbetent. For ein del år tilbake hadde Turistforeninga ei heiberg-hytte mellom Bossbu og Øyuvsbu, Grøneli, meint for dei som tykte dette strekket var langt å gå. Etter oppdemminga av Rosskreppfjorden i 1963, måtte ein finna ein ny stad for overnatting, og enda til slutt opp med å bygge denne hytta.

Svartenut ligg ved Den svarte tjørni ved Den svarte nuten. På motsett side renn Risåne som til tider har stor vassføring. Isgang vinterstid har fleire gonger rive bort solide gangbruer. I 2012 vart ei ny hengebru sett opp, og nå vert dekket teken inn utanom sommarsesongen. Nokre finn Svartenut høveleg som utgangspunkt for ein dagstur til Urdalsknuten som med sine 1434 moh. er høgaste staden i Vest-Agder fylke.

Turistforeninga har i seinare år redusert noko på sitt løypenett til dels avdi ein har teke andre hytter i bruk, og elles for å ikkje uroe villreinen meir enn naudsynt. Difor går det nå berre ei løype mellom Berg-Stavskar-Bossbu-Svartenut. Slik er det óg vidare sørover med ei løype mot Øyuvsbu, men denne har tilknytingar både til Evardalen og til Håhellerhytta. Ikkje så langt frå Øyuvsbu kryssar turistløypa Suleskarvegen. Her er det mogeleg med parkering for dei som vil leggja i veg derifrå.

Fleire bilete frå Svartenuthytta[rediger]

Kjelder[rediger]

Ekstern lenke[rediger]