Bossbu

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Bossbu
Foto: DNTSør

Bossbu er ei hytte som DNT Sør har ved Botnsvatn i Setesdal vesthei, 1030 meter over havet. Hytta vart sett opp i 1968 og påbygd i 1986, men riven i 2014, då det vart sett opp ei ny hytte på ein dugnad, der det var lagt ned over 2000 dugnadstimar av eit tredevetals frivillige. Bossbu har utsikt til Urdalsnuten, det høgaste fjellet i Vest-Agder. Den nye hytta har plass til 28 gjester og vart teken i bruk 20. august 2014. I perioden 20. august til 30. september er den eine hytta disponert av gunneigarar og deira reinsdyrjegarar, difor kan ein ikkje ta ha grupper i denne perioden. Bossbu har mobildekning 3 - 400 meter frå hytta.

Romfordeling[rediger]

Hovedhytte

Etter ombygginga har hovedhytta 4 soverom med 13 sengeplasser, stort kjøkken og stue, stort tørkerom, proviantrom, 2 do, eige vaskerom og ved/søppel lager. Inngangspartiet er overbygd og ski/evt skitne støvler kan lagrast der under oppholdet. Hytta har det du treng av utstyr for matlaging, fullt kjøkkenutstyr og dekketøy. I tillegg er det eit godt utval av mat på proviantrommet. Hytta er utstyrt med solcellepanel til belysning og 12V uttak for lader til mobiltelefon, gass og ved til matlaging og oppvarming. Ein ordnar sjølv med matlaging, vannhenting, oppvask, vask av golv og rydding av hytta inne og ute. Det er dyner og puter i alle senger, men lakenpose eller sovepose skal alltid brukast ved overnatting. Oppslag med hytteregler og priser finner du på hytta.

Uthus bak hovedhytta

Tilrettelagt for hundar i hundebur, ekstra gass og vedlager.

Sikringshytte

To soverom med til saman 12 sengeplasser.

Kjelde[rediger]

Eksterne lenker[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...