Holen
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Gunnar O. Holen. Trykt i Heimar og folk i Bykle (2006)

Foto: Geir Daasvatn
Holen er ein gard (Bykle gnr. 12) i Nordbygdi, ved austre enden av Botsvatn, i Bykle. Heile det «eigentlege» Holen, dvs. bruka Myri, Plasset, Der uppe og Haugo, er utplanert og sett under vatn som følge av oppdemminga av Botsvatn.
Historie
Garden var einbølt til om lag 1696. Då delte ein syskjenpar garden i to like delar. Fram til rundt 1823 budde begge slektene på Holshaugen. Då blei huseplassane flytta ned av haugen, og gardsnamna Myri og Der uppe refererer seg til dei nye tuna.
Kjelder
- Aanund Olsnes, artikkelen om Holen på Lokalhistoriewiki (frå Heimar og folk i Bykle)
- Olav M. Holen, Nordbygdi - slik ho var, 2. utgåve, 2013, side 41–45 m.fl.