Fit

Fit er ein gamal støyl ved Fitshyl i Skargjesåni i Støyledalen i Nordbygdi i Bykle. Fit var bortestøyl til gardsbruket Tveiti (Heimtveiti). Støylane i Støyledalen var fullseterbruk, og Nordbygdi var nok den bygda i Bykle som heldt lengst på støylstradisjonane. Det var støylsdrift her til 1960-talet.
Svein Tveiten (1935-2013) gjorde eit svært arbeid med å restaurere gamle bygningar på Heimtveiti. På Fit samla han fem bygg. Det er Søtveitsstøylsbui, eit reisverkshus som vart oppsett av Olav Ånundsson i 1917. Det er Mjåkkhuset, som også er sett istand på staden. Ljåråsmyrbui og Kleivbui er flytta hit frå slåttene dei sto på. Det same gjeld Storemyrbui, Leitislidbui og Rjukanåsbui. Men dei tre sistnemnde var så øydelagde at det bare kunne bli ei bu av dei.
Kjelder
- Olav M. Holen, Nordbygdi - slik ho var, 2. utgåve, 2013, side 273-276
- Aanund Olsnes, artikkelen om Heimtveiti på Lokalhistoriewiki