Setesdal sett med kunstnarauge

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Stein Omsted 83 (kopi efter Eckersberg): Fra Valle i Sætersdalen.

Setesdal sett med kunstnarauge er ei av sommarutstillingane til Setesdalsmuseet. Ho vart opna laurdag 9. juni 2012 av fylkesordførar Bjørgulv Sverdrup Lund.

Utstillinga er ei samling som Sigurd G. Helle har deponert på Setesdalsmuseet. Ettersom høve og lommebok har tillete det, har det stadig blitt lagd nye bilete til samlinga hans gjennom eit langt liv. Dei kunstnarane som han har i samlinga si, er både kjende og ukjende: Stein Omsted, M. Skaniz, Sig. Larsen, Asor Hansen, Helga Ring Reusch, Erik Petri, Eivind Nielsen, Lars Osa, Laura Hovland-Krohn, Th. Sundt-Ohlsen, Harald Lund, Anstein Risteigen, Rasmus Strømme og Axel Ender. Nokre bilete er og usignerte. Bileta finn ein i salen lengst sør i museet, men det er og hengt opp bilete i kaféen og i den nordre salen, der utstillinga Frå hest til hestekrefter - vinterferdsle i hei og utmark er sett opp.

Oversikt over bileta[rediger]

Nummer Kunstnar ”Tittel”/Motiv Mål
1 Stein Omsted 83 (efter Eckersberg”, kopi) ”Fra Valle i Sætersdalen” 120 x 145
2 M Skaniz (?) Jente i kvardagsklede 79 x 53
3 Sig. Larsen (”copi”, etter Jahn Ekenæs) Setesdalstun (Brottveit) 72 x 100
4 Asor Hansen 1921 ”Fra Setesdalen" 97 x 116
5 Helga Ring Reusch Bondebegravelse i Setesdalen 26 x 32
6 Usignert (Asor Hansen?) Setesdalstun Brokka 82,5 x 100
7 Asor Hansen ”Fos” 52,5 x 70,5
8 Asor Hansen 1914 ”Byklevandet” 66,5 x 59,5
9 Asor Hansen 1914 ”Landskab med Kværnhus” 68,5 x 76
10 Asor Hansen (Usignert) Landskap (Langeid) 75 x 116,5,
11 Erik Petri 1926 ”Skåmedal Setesdalen septembersol” 66,5 x 80,5
12 Eivind Nielsen 1902 Familie i årestoge 50 x 40
13 Eivind Nielsen 1897, akvarell ”Mor og barn, Sætersdalen” 88 x 57
14 Lars Osa, akvarell Gut på stein 47,5 x 34,5
15 Lars Osa Kvinne og mann ved lopt 50,5 x 41
16 Lars Osa 1925 Portrett 76 x 58,5
17 Laura Hovland-Krohn 1949(?) Setesdalstun (Rygnestad) 100,5 x 81
18 Bj. –aurit-- ”Fra Valle – Sætesdal” (Rygnestad) 101 x 136
19 TH. Sundt-Ohlsen 1942 ”En røkstue fra Setesdal” 70,5 x 80,5
20 Lars Osa 1915 ”Ei omvending” 106 x 92
21 Harald Lund 1933 3 kvinner rundt ei vogge 39 x 45
22 Anstein Risteigen 1917 ”Dugurdstid (Kl. 10-11 fm)” 65,5 x 55
23 Anstein Risteigen 1933 ”I søndagspus” 78 x 67
24 (Anstein Risteigen) usignert Kvinneportrett 66,5 x 56
25 (Anstein Risteigen) usignert Kvinne i kvardagsstakk 69 x 58,5
26 (Anstein Risteigen) usignert Kyrkjesundag 56,5 x 64
27 Anstein Risteigen 1924 Kvinne i understakk ved bord 43 x 38
28 Rasmus Strømme 1924 Portrett. (Thorleif Homme) 57 x 45
I kafé:
29 (Anstein Risteigen) usignert ”Ved rokken” 36,5 x 47,5
30 Anstein Risteigen ”Søndag” 64,5 x 74
31 (Anstein Risteigen) usignert ”Flatbrødbaking” 67 x 79,5
32 Usignert Kvinne med lite barn 70 x 50
33 Anstein Risteigen 1916 ”Saave i haven” 64 x 50
34 Lars Osa Kvinne med handtein 58,5 x 45
I utstillinga «Frå hest til hestekrefter»:
35 Axel Ender -78, reproduksjon To jenter og ein gut, årestoge 28 x 34,5
36 Anstein Risteigen ”Hjemover fra Sætren” 77 x 100,5
37 Lars Osa ”Garnsetjing” 45,5 x 66,5

Kjelde[rediger]