Frå hest til hestekrefter - vinterferdsle i hei og utmark

Frå hest til hestekrefter - vinterferdsle i hei og utmark er ei temporær utstilling på Setesdalsmuseet Rysstad. Ho vart sett opp som ein del av Setesdalsmuseets sommarutstilling 2012. Utstillinga tek for seg utviklinga frå den tid folk måtte ta seg til fjells på ski og truger og late hestane dra høysledane den tunge vegen opp og den hasardiøse ferda ned att med høylasset. Det er utstilt truger for både mann og hest og sledar som vart brukte til jobben. Utstillinga tek oss fram til dagens situasjon der snøscooteren gjer jobben til ein leik og opnar for fritidsbruk av heiane vinterstid.
I alt syner utstillinga 10 snøscooterar. Dei får fram utviklinga som snøscooteren har hatt gjennom vel 40 år og syner at ein i Setesdal var tidleg ute med å ta i bruk desse. Fram til 1988 var det stort sett fritt fram for ferdsle på snøscooter i heia. Men etter 1988 har det blitt mange restriksjonar. Difor har utstillinga også ein politisnøscooter som museet har fått låne. Dei fleste snøscooterane er lånt inn frå forhandlarar og bygdefolk, men i 2003 fekk Setesdalsmuseet Bamsen som familien Tveit hadde brukt i mange år for å kome på heia, så den er ein del av museet sitt grunnlag for å lage utstillinga.
Kjelde
- Ole Birger Lien: Frå hest til hestekrefter. Artikkel i Setesdalsmuseets temaavis 2012 side 11