Asor Hansen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Asor Hansen
Født: 23. august 1862
Død: 3. mai 1929 (66 år)
Familiebesøg i Sætersdalen

Henrik Asor Hansen (fødd 23. august 1862 i Mandal, død 3. mai 1929) var ein kunstmålar som måla ei rekke måleri med motiv frå Setesdal. Han vaks opp i København, faren var ein dansk sjøkaptein medan mora kom frå Mandal. Han starta på ei utdanning som sjøoffiser, men braut av denne og begynte på kunstakademiet i København. Han fekk tidleg bilete med på Høstutstillingen i Christiania og stilte ut bilete der i 25 år.

I 1886, same året som han gifta seg med Ane Kristine Jensen von Krogh, vart han teken opp som elev hos den danske målaren Kristian Zahrtmann. Eldste sonen, Sigfried, vart fødd same året, i 1892 vart Axel fødd og i 1903 kom Richard. Omkring 1890 flytta familien til Norge og slo seg ned nær Mandal, men i 1898 flytta Asor Hansen aleine til Bergen for å starte ein vintermalerskole. Kona kom etter kvart til å slå seg ned på Krokå litt sør for Langeid i Bygland kommune, der ho og barna leigde seg inn hos Bjørgulv T. Langeid (1858-1958). Frå 1900 til 1910 var Asor Hansen målar i Bergen. I denne tida var han og formann i Bergen Kunstforening ein periode.

Yngste sonen Richard slo seg ned i Spania, noko som gjorde at Asor Hansen pendla mellom Spania og Norge i mange år. Då budde han noko i Bergen og noko i Setesdal. Han vart skild frå kona si, som vart buande på Langeid. Ho døydde i 1919 og vart gravlagd på Tveit kyrkjegard. Asor Hansen døydde på reise frå Bergen til Setesdal på båten utanfor Stord. Han vart og gravlagd på Tveit kyrkjegard.

Setesdalsmuseet har ei samling bilete av Asor Hansen. Det same har Mandal Bymuseum og Sørlandet Kunstmuseum. Sigurd G. Helle har truleg den største privatsamlinga av hans bilete, nokre titals bilete og teikningar. Det første biletet som Haugesund Kunstforening kjøpte då foreninga vart stifta i 1913, var Asor Hansens Familiebesøg i Sætersdalen. Andre bilete av han frå Setesdal er Elvestryk med kvernhus, Byklevandet, Stabbur i Setesdal. Han malte og mange bilete i Spania, men dei er ikkje så kjende i Norge.

Kjelder

Eksterne lenker