Bondebegravelse i Setesdalen
Hopp til navigering
Hopp til søk

Bondebegravelse i Setesdalen, lite format, utstilt på Setesdalsmuseet sommaren 2012.
Foto: Leonhard Jansen
Bondebegravelse i Setesdalen er eit oljemaleri av Helga Ring Reusch frå 1906. Maleriet er 163,5 cm breitt og 121,5 cm høgt. Maleriet vart deponert på Norsk Folkemuseum i 1915. Det er eit maleri med forgylt treramme. Teknikken er olje på lerret. Maleriet har motiv frå Valle kyrkjegard, der ein familie ber ei barnekiste til grava. I bakgrunnen reiser Steinsås seg, og vi ser mot Steinsland, Åmli og Berg i Valle.
På utstillinga Setesdal sett med kunstnarauge som var ein del av Setesdalsmuseets sommarutstilling 2012 er det stilt ut ein liten versjon (26*32 cm) av dette biletet.