Axel Ender
Axel Ender | ||
---|---|---|
Født: | 14. september 1853 | |
Død: | 10. september 1920 (66 år) |
Axel Hjalmar Ender (født 14. september 1853 på Dikemark i Asker, død 1920 i Kristiania) var ein norsk kunstmaler og bilethoggar som fekk studiane sine finansiert av kongen, Karl IV (svensk: Carl XV). Han studerte ved Tegneskolen i Kristiania (1867–71) og kunstakademia i Stockholm (1872–74) og i München (1875–80). Hans viktigaste verk er statuen av Tordenskjold på Rådhusplassen i Oslo. Han malte motiv frå kvardagslivet og laga altertavler til mange kyrkjer.
På utstillinga Setesdal sett med kunstnarauge på Setesdalsmuseet er det eitt bilete av han. Det er ein reproduksjon av to jenter og ein gut i ei årestoge, storleiken på biletet er 28 x 34,5 cm.
Det var Axel Ender som inspirerte Lars Osa til å bli kunstmaler. Det skjedde da Osa møtte Ender og Nils Bergslien i Nordfjord i 1880.[1]
Referanser
- ↑ Lars Osa. Artikkel i Norsk Kunstnerleksikon bind 3 side 165
Eksterne lenker
Galleri
Nokre bilete av Axel Ender, ingen av desse er på Setesdalsmuseets sommarutstilling 2012: