Sølvgruva på Straume

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Sølvgruva på Straume er ei «sylvgruve» som etter segna skal ha vore ein stad oppe i Straumsheia aust for garden Straume i Valle. Gunnar Rysstad har skrive at «Sylvet var reint (gedigent) og åra var ein fot brei. Mannen som fann gruva, tok ein klump og smidde seg halsknappar og ring...»[1] I sølvgruvene i Kongsberg skulle dei høyre at det ropa slik i berget: « - Søsterarven er her, men brorluten i Sætesdal.» Denne brorluten skulle vere sølvgruva på Straume. Ein variant er herminga « - Kalven er på Kongsberg, kyri i Setesdal». «Men til dags dato er det ingen som har lykkast i å finne denne kyri», heiter det i kultursoga for Valle.[2] Ein teori har vore at gruva skulle ligge i Røyslandslia. Ein annan er at ho heller skulle vere ei kopargruve, og ligge ved Stavvatn ved Straumsfjorden. I sitt nye verk om gruvedrift og nikkelindustri i Setesdal argumenterer Sigmund Monen for at gruva måtte vere ei lita gruve med sølvhaldig koparmalm, og at ho meir truleg låg ved Straums-Mjåvatn.[3]

Bakgrunn[rediger]

Ein gong før 1650 blei det oppdaga at det var mineralførekomstar i Straumsheia, ved Straumsfjorden eit par mil aust for garden. I 1655 skal Christian Andersen og Johan Vibe ha funne koparmalm i Brattebrok skjerp. I 1657 og 1658 sendte Kong Fredrik (Danskekongen) to brev til ein Hans Juel, der det gjekk fram at Kongen ønska å overta Straume som krongods, i bytte mot anna gods. Dei nye gardane skulle vere på Reiersdal i Øvrebø og i Søgne. Dette skapte naturleg nok ei svært negativ innstilling på Straume, mot Kongen og «blåmennene» hans. Men det blei aldri noko av det upopulære makeskiftet, som Kongen ville tvinge på bøndene på Straume. Kanskje av den grunn at den danske sjefsgeologen alt hadde laga ein rapport, der han meinte gruva ikkje kunne drivast fordi ho låg for nære ein innsjø.[4]

Men bøndene på Straume var redde for at Kongen og mennene hans skulle ombestemme seg, og kome igjen seinare for å prøve å ta frå dei gardane på nytt. Etter tradisjonen for dei opp i heia og løynde gruva med stokkar, stein og jord. Og for å kunne kjenne seg trygge på at Danskekongen ikkje skulle prøve å ta odelsjorda frå dei ein gong til, laga dei (etter Sigmund Monen) ganske visst ei villeiande forteljing om at «sylvgruva» skulle ligge i Røyslandslia, før dei kom til Straums-Mjåvatn.

Segna om dei tre krossane[rediger]

Segna er skrive ned av mellom andre Valle-presten Peder Blom:

« - Det er tre store stene med et hvidt kors i; den ene er øvst i lien, den anden ved aaen; den tredje er midt i lien, og på den vender korset ned. Den som finder den sten, han finder ogsaa gruben; thi den ligger gandske i nærheden.»[5]

Den eine steinen, med ein kross hoggen inn i seg, skal vere ved Bjuknes. Den andre er på ein stein ved Rasvikåna.[6]

Nokre leiteaksjonar[rediger]

Edvard Nomeland frå Bygland var ein av dei mest kjende eventyrarane mellom malmleitarane i Setesdal. Han fant, i følge seg sjølv, steinen med den tredje krossen og dermed «sylvgruva» i Røyslandslia i 1960. Fædrelandsvennen laga ein stor reportasje om Nomeland, med bilete av han på steinen med krossen. Men seinere klarte han aldri å finne steinen og korset igjen.[7]

Mineralpioneren Theodor Gautestad frå Evje hadde ein annan teori. Han drog ein bein strek vidare på kartet frå dei to kjende krossane, og kom då rett på Straums-Mjåvatn. Han tok turen opp til vatnet, og saumfor strandlina bortover. Men heller ikkje han klarte å finne «sylvgruva». Vatnet er heva 7 meter, tilsvarande høgda på dammen i austre enden, etter at «sylvgruva» i tilfelle må ha vore i drift. Straums-Mjåvatn måtte såleis ha vore tappa ned 7 meter før det i det heile tatt ville vere mogeleg å byrje å leite etter gruva i oppdemmingssona.[8]

Eit spennande sidespor i denne samanhengen er at Ola Songesand, som med mykje strev fekk smelta litt kopar ved Stavvatnet i Straumsheia i 1823, var bror til tippoldefar til Theodor Gautestad.

Referansar[rediger]

  1. Gunnar Rysstad, Sæbyggjen, 21. mai 1890
  2. Alfred Ryningen og Leonhard Jansen, Valle kommune VII, Kultursoge 1, utgjeve av Valle kommune, 1994, side 271
  3. Sigmund Monen, Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 46-53
  4. Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, side 44
  5. Gjengjeve i Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, side 50 og Alfred Ryningen, Valle kommune I Gards- og ættesoge Hylestad, side 190
  6. Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, side 50 første spalte med vidare henvising til Frøstrup og Vigerstøl, Veideliv II, Friluftsforlaget, 1994
  7. Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, side 51-52
  8. Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, side 51