Vodden (Bykle gnr 10 bnr 1)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Stogehuset i Vodden 14. desember 2022.

Vodden er eit gardsbruk (Bykle gnr 10 bnr 1) på garden Nesland i Nordbygdi i Bykle. Det er det vestlegaste av dei gamle bruka på Nesland. Bruket blei utskilt frå den einbølte garden i 1682. Mykje av innmarka blei borte ved oppdemminga av Botsvatn midt på 1970-talet. Utmarka utgjer 7 765 mål. I tillegg kjem bruket sin del av det store heieområdet som ligg i sameige mellom Nesland og nabogarden Tveiti.

Heimelshavarar til eigedomen (2026) er Jan Nesland (f. 1971), Knut Nesland (f. 1954), Ola Nesland (f. 1966) og Gunhild Sjøstrøm (f. 1957).

Kjelder

Eksterne lenker

Kart

Laster kart ...