Nekrolog Torleiv Aakre 1880-1972

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Torleiv Bjugsson Aakre nokre år før han døydde.
Foto: Jannes Bjørnsen i Fædrelandsvennen

Ein sogemann og storsamlar i Valle er død[rediger]

Av Jannes Bjørnsen, 1972

Sogemannen på Nordigard Åkre i Valle er ikkje meir. Sundag sovna han inn, Torleiv Bjugsson Aakre, etter eit langt liv. Alle år hadde han lagt ned kreftene sine og interessene i den bygda der han var komen til verda den 10. oktober 1880. Han rokk såleis vel dei 92. Mykje hadde han opplevd, og han måtte og sjå eldste sonen sin, Bjug T. Åkre, slokna 2 veker før han.


Han var bonde av heile sin hug. Mykje jord hadde han dyrka opp i si tid, først saman med far sin, Bjug T. Aakre, sidan sjølv og saman med odelsguten Bjug. På det meste hadde han 8-9 mjølkekyr utanom ungdyr, sauer og hest.


Av dei 6 bruka på Åkre er Nordigard hovudbruket. Ca. 1520 delte dei to eldste brørne, Aanund og Olav Stigandson Aakre, garden. Men det hadde budd folk der mange hundre år tidlegare. Ei segn seier at det har vore folk sidan han som rudde der, Stigand Aakre. Og han skal ha levd samstundes med Karl den store som blei krunt til romersk keisar juledag i år 800. Truleg var det folk på garden enda før det. Bror til Stigand, Einar, hadde Rike. Etter det lensmann Juel Lund som døydde i januar 1962, fortalde, skal det vere heilt visst at det var busetjing der i år 700.


Rike var det gamle hovdingsetet i dalen.


Den første Bjug på staden, Bjug Aanundsson, døydde om lag 1660. I 1670 kom Telleiv-namnet inn. Sidan har det alle år skifta mellom Bjug og Telleiv d.v.s. han som nå døydde, tok namnet Torleiv etter at dei gilde lærarane hans på amtskulen, den seinare professor Torleiv Hannaas og presten Torleiv Homme, hadde sagt at det var det opphavelege namnet.


Noko av huset på Nordigard, gamlestoga, er frå 1664, mens nystoga er reist av Torleivs tippoldefar i 1810. Gamlestoga var røykstoge, og stokkane er heile 45 cm breide. Loftet har årstalet 1683, men er truleg mykje eldre og har enda meir imponerande tømmer enn gamlestoga. Eit langbord frå gamlestoga er frå 1664, og krakken med brugde frå 1671 er som ein sofa. Her sat mang ein kjend sogemann gjennom åra og fortalde.


Torleiv hadde alltid hatt sans for å ta vel vare på det gamle, og loftet er som eit museum der det m.a. og er gamle våpen som handøks, stålbue og kårde. Ein meiner dei har vore der alltid. Ein vent utskoren renneboge, nærast ein guteboge, er frå 1736. På loftet er og ein portal (dyrkin) frå gamle stoga, eit sers vent treskjærararbeid, 140 cm høgt og 56 cm breidt.


Heilt frå Torleiv Aakre var liten gut, hadde han vore interessert i det gamle. Det var nokre gamle brev på garden som vekte interessa. Far hans og sogemannen Halvor Aakre som døydde i 1898, hjelpte han så han forstod kva det stod i dei. Og sidan var han selt. Det er helst ættesoge han har samla, men og munnleg tradisjon. Universitetsbiblioteket har vore sers takksam for alt det han har sendt dit. Det er og dosent Olav Bø som og har fått mykje av han.

I Torleiv Aakre hadde den gamle sogemannen Halvor Aakre ein trufast tilhøyrar som tidleg tok til å notere ned det som blei fortalt. På det viset er mykje redda.


Systematisk har Torleiv Aakre gjennom åra samla stev, forteljingar og gamle ord. Mykje har han skrive i aviser, såleis i mange år og i Fædrelandsvennen. Han hadde og fått noko av ei diktargåve og vore meister for mange prologar. Sjølvsagt var han med i sogenemda i Valle — og det heilt til han nå gjekk bort. Om han ikkje hadde klart å få ordna det slik han ville, så er det sers verdifullt det han har gjort — og som sogenemda nå vil få. For ein ihuga samla var han i alle år, noko ettertida vil få nytte av.


Han gjekk i ein god skule i sine yngste dagar hos Halvor Aakre, og det var alltid så gildt å kome til Nordigard og høyre han fortele om læremeisteren sin.


— Fyst det var noko stort og gjævt og vent Halvor tala om, kom tårene — fortalde Torleiv meg da eg var i heimen hans for nokre år sidan. — Han græt av glede. — Og når eg var eisemadde med Halvor — kom det alltid til slutt: — Men so lyt du minnast. — Han skyna vel at eg var interessert. Folk flest skyna nok ikkje Halvor. Men Johannes Skar gjorde det, og han har teikna upp mykje etter han.


Toleiv Aakre kjende godt den store folkeminnegranskaren Johannes Skar som og var med og kveikte interessa hans for det gamle, og han kunne hjelpe Skar nårdet galdt bygdemålet i Valle.

Når ein sat og tala med Torleiv Aakre, var det som ein blei ført tilbake til den tida då sogemennene samla folk om seg i røykstogene. Orda hans kom så treffande at han på ein augneblink hadde fanga interessa. Ein av dei store Setesdalsgranskarane, Jon Løyland, karakteriserte ein gong Torleiv Aakre slik: Han er sogemann heilt ut, og han har gjort mykje til at interessa har vakna hjå andre —både ved det han fortel munnleg og det han har skrive. — Og gamle Juel Lund var ikkje i tvil da han kommenterte innsatsen til Torleiv Aakre slik: Han er den som har samla mest i Valle.


Ein slik attest frå så kjende menn er noko som tel! Her kan ein tale om ei eldsjel. Og så audmjuk han var — og så smålåten i all si ferd! Kor fatige vi ville vere utan slike menneske som under all den nedriving som går føre seg, aldri gløymer kontakten med det gamle og får andre interessert i det same.


Kjelde[rediger]