Juvatn

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Juvatn sett frå nord mot sør.
Juvatn sett nordover frå Juvassdammen i sørenden.
Foto: Geir Daasvatn

Juvatn er eit vatn (513-489 moh.) rett aust for Bortelid, heilt nord i Åseral kommune, mot grensa til Bygland kommune. Vatnet er regulert og oppdemd av Juvassdammen (to dammar) i sørenden. Det skjedde i samband med utbygginga av Logna på slutten av 1950-talet og byrjinga av 1960-talet. Magasinet rommer heile 142 millioner kubikkmeter vatn.

Samstundes med kraftutbygginga kom det offentleg veg inn til nordenden av Juvatn. Herfrå går det privat veg (bomveg) vidare inn til heiegarden Ånebjør i Bygland. Det går også veg inn til vatnet frå Austegard i sør.

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...