Åseral kyrkje

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Åseral kyrkje 26. februar 2017.

Åseral kyrkje er ei korskyrkje i tre med tre galleri og 300 sitteplassar frå 1822 i Åseral kyrkjebygd. Kyrkja vart bygd av Olav O. Åsland og Olav Bakken, som og laga altertavla og døypefonten. Altertavla er eit kors og treskurdsranker i barokk stil. Over inngangsdøra står det «Til Guds Ære og Folkets Gavn er denne Kirke oppført i 1822».

Kyrkjeklokka er laga i 1872 av Porsgrunns Mek Verksted. Kyrkja har ein trestol frå 1724 og på alteret ligg Johan Arndts Den sanne kristendom frå 1706, ein Bibel frå 1897 og Kirkesalmebok frå 1870. Orgelet er frå Vestlandske orgelverksted 1960 og har sju register.

Tidlegare kyrkjer[rediger]

Åseral kyrkje er første gong omtalt i pavelege skriv frå 1282. Kyrkja var restaurert i 1705, då og kyrkjespiret vart smidd av Knut Gunnulvsen Mork. Den gamle kyrkja var ei laftebygd trekyrkje som vart riven i 1822, då noverande kyrkje vart bygd. Våpenhuset i noverande kyrkje er bygd av stokkar frå den gamle kyrkja.

Kyrkjelege handlingar[rediger]

I 1992 var det 22 gudstenester med gjennomsnittleg besøk på 96 og i snitt 25 til nattverd når det var nattverd. Det var åtte døypte og to konfirmantar, tre vigsler og 12 graverder. Elles var det 15 andre arrangement. Åseral sokn hadde sokneprest og organist, to klokkarar, to kyrkjetenarar, kyrkjeverje og kyrkjelydssekretær. I tillegg til Åseral kyrkje gjorde dei teneste i Åknes kapell og Ljosland kapell.

Kjelder[rediger]

  • Alf Henry Rasmussen: Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Vanebo forlag 1993 ISBN 82-7527-022-7

Eksterne lenker[rediger]

Bilete av Åseral kyrkje hjå den tyske sida «Kirchen in Norwegen»