Ljosland kapell

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Ljosland kapell

Ljosland kapell er ei kyrkje i Åseral kommune bygd i 1959. Kyrkja er rektangulær og bygd i tre. Arkitekt var A. Erikstad. Kyrkja har 95 plassar. Altertavla er «Jesus på korset» av Ottar Helge Johannessen (1959) og eit kors i tre med glassmosaikk. Preikestolen er i tre og laga av Tveitestøl og Roland i 1959. Også døypefonten er i tre. Kyrkjeklokka er frå 1959 og laga av Olsen Nauen.

Av kyrkjesølv er det alterkalk og disk, alterduk og antependium er laga av Aud Holmer Hoven til den nye kyrkja. Orgelet er bygd av Klaus Becker i 1987. Det soknar om lag 30 menneske til Ljosland kapell. I 1992 var det fem gudstenester i kapellet, ein vigsel og ei gravferd. I snitt var det 38 på gudstenestene og 38 til nattverd.

Kjelder

Kart

Laster kart...