Stigemo

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Gamalt uthus på Stigemo.

Stigemo er ein stad på vestsida av Byglandsfjorden, 600-700 meter sør-vest for Storstraumen. Her har det tidlegare vore to husmannsplassar under Nordre Skomedal. Dei som rydda Stigemo, truleg rundt 1804, var Tellef Olavson Frøysnes og kona Gyro Osmundsdotter Huset. Tellef og Gyro har ei stor etterslekt. Stigemoætta har greiner utover store delar av landet og i Amerika.

Då slusa ved Storstraumen var ferdig i 1869, vart Knut Åsulvson Stigemo den første slusevaktaren. Etter han hadde alle husmennene på Stigemo denne offentlege stillinga. Stigemo blei fråflytta rundt 1931.

På austsida av Fylkesveg 304, ned mot fjorden, er Stigemo hyttegrend planlagt med 27 fritidsbustader. Husmannsplassane låg på andre sida av vegen.

Kjelder

Kart

Laster kart...