Når det gjelder arrangement i Setesdalswikis kalender: sjekk med arrangøren før du reiser – mange arrangement avlyses dessverre pga corona.
Dette har vi ikke mulighet til å følge godt nok opp.

Nese

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Nese sett frå Kvålsnapen.
Nese ligg vakkert i landskapet ved breidda av Byglandsfjorden, med Kvålsnapen som stig opp bak garden. Til høgre er Bygland sentrum.
Foto: Geir Daasvatn
Bruket "Nord på Nese" (bnr. 1).
Foto: Geir Daasvatn

Nese er ein gard (gnr. 35) i Bygland. Han ligg på eit nes i Byglandsfjorden, ein kilometers veg nord-vest for Bygland sentrum. Det var eitt bruk på garden fram til byrjinga av 1600-talet. Då blei garden delt i dei to bruka «Nord på Nese» og «Sør på Nese». Eivind Nese har Nord på Nese i dag. Salve Åmund Greibrokk eig Sør på Nese. I tillegg til dei to hovedbruka, er det fleire mindre eigedomar.

Historie[rediger]

Det er funne tre steinalderbuplassar på garden, og ei mengde gravhaugar og gravrøyser. Alle fornminna vitnar om busetnad og menneskeleg verksemd gjennom hundrevis av eller kanskje fleire tusen år.

Segna om Kong Hane er sterkt knytta til Nese. Nese skulle vere kongegard der Hane var konge på den tida Olav Haraldson (Olav den Heilage) var konge i landet. På Nese sin grunn er Hane etter segna gravlagt i Hanehaug. Men om det nokon gong har vore ein Kong Hane på Nese, er tvilsamt. I alle tilfelle er gravhaugen der han skal ligge mykje eldre enn Heilag-Olav, som døydde i 1030. Olav den Heilage var heller aldri i Setesdal.

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...