Austegardsvegen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
(Omdirigert fra Austegardvegen)
Hopp til: navigasjon, søk
Austegardsvegen ved Eintre ca ein halv kilometer før ein kjem til Rostøltjønnæ noko før Koland.

Austegardsvegen er ein veg mellom Åknes og Koland i Åseral. Han tek til frå Bortelidvegen og går austover langs Lognavatn til Austegard og vidare til Espelid. Så langt er han fylkesveg. Frå Espelid fortset vegen som privat skogsbilveg vidare oppover og innover heia til det nedlagde gardsbruket Koland ved Gyvatn. Den private vegen er ikkje stengd med bom, men ein legg bompengar i ei postkasse ved starten av vegen. Frå Espelid til Kovatn er det omlag 5 kilometer. Austegardsvegen er den einaste bilvegen inn til det store Gyvatn, som ligg i grenseområdet mellom kommunane Åseral, Bygland og Evje og Hornnes. Vegen er ei ypparleg turløype om ein vil gå eller sykle inn til Gyvatn. Frå Koland er det bare ca 2,2 kilometer i luftline vidare til Midtstrandknuten, den høgaste fjelltoppen i Evje og Hornnes. Vegen er også eit fint utgangspunkt for fjellturar i andre retningar, til dømes innover i Bygland vesthei.

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...