Fylkesveg 4030

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
(Omdirigert fra Fylkesveg 351)
Hopp til: navigasjon, søk
Fylkesvegen langs vestsida av Juvatn.
Fv-4030 ved Aurebekk rett nord for Kyrkjebygd 26. februar 2017.
Foto: Geir Daasvatn

Fylkesveg 4030 går frå Kyrkjebygd i Åseral, nordover gjennom Lognadalen til Røynli, vidare forbi Lognavatn og Tjaldalsvatn før han kjem til Bortelid, og deretter langs Juvatn til han endar ved Storhommen ved søre enden av Beinsvatnet ved den tidlegare fylkesgrensa mot Aust-Agder. Vegen er 33,7 kilometer lang. Lokalt heiter han Logndalsvegen mellom Kyrkjebygd og Røynlid, Bortelidvegen frå Røynlid til Bortelid og Heddersvegen frå Bortelid til endepunktet ved fylkesgrensa.

Fram til slutten av 1950-talet gjekk vegen bare til Tjaldal. Men ved utbygginga av Logna til kraftproduksjon på slutten av 1950-talet og byrjinga av 1960-talet vart han ført vidare til Bortelid og langs Juvatn. Vegen har fast dekke mellom Kyrkjebygd og Bortelid, men er grusveg langs Juvatn til endepunktet ved Beinsvatnet.

Frå endepunktet av fylkesvegen går det privat veg (bomveg) vidare langs vestsida av Beinsvatnet og fram til heiegarden Ånebjør i Bygland kommune.

Tidlegare namn var Fylkesveg 351.

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...