Juvassvegen
Hopp til navigering
Hopp til søk

Juvassvegen.
Foto: Geir Daasvatn
Juvassvegen er ein veg i Austegard i Åseral. Han går på austsida av elva Logna, frå Austegard i nord-austre enden av Lognavatn, og nordover til Juvassdammen i søre enden av Juvatn. Han er om lag seks km lang. Vegen er open for almenn ferdsle. Han går mellom anna forbi dei vakre fossane Store-Rjukan og Lisle-Rjukan i Logna-elva.
Historie
Vegen vart bygd midt på 1950-talet, som anleggsveg til Juvassdammen som då blei bygd.
Kjelder
- Kart, GISLINE Webinnsyn Setesdal
- Kommunekart.com
- Inger Juvastøl, Juvasstøl - Ein heiegard i Åseral, hefte utgjeve 2015, side 21