Setesdalens Reinsamlag

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Setesdalens Reinsamlag vart skipa i april 1895. Juel Lund frå Valle var initiativtakar. Han fekk med seg folk frå Hylestad og Austad i laget. Sjølv var han den første formannen. Med i styret var også Bjørgulv Rysstad, Knut H. Rysstad og Gunnar Rysstad. Laget kjøpte reinsdyr i Bykle, og hadde flokken i Rysstadheia.

Seinare kjøpte Juel Lund ut dei andre luteigarane, og hadde dyra aleine. Han leigde gjetarar, og drifta skal ha gått rimeleg greitt. Men i 1901 blei laget formelt oppløyst. Juel fortsatte i staden reindrifta i eit nytt lag, Breive reinsdyrsamlag.

Kjelder