Jon Andersen Jeiskeli

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Jon Andersen Arefjell Jeiskeli (fødd 1830) var ein av dei første samane som kom til Setesdal for å drive med rein. Han kom saman med kona Kristina Thomasdotter Jeiskeli (f. 1825, d. 1894). Jon heitte eigentleg Jon Andersen Arefjell, men blei heitande Jon Jeiskeli etter garden Jeiskelid som han og Kristine kjøpte då dei kom til Bykle. Han kom opphaveleg frå Hattfjelldal i grensetraktene mellom Norge og Sverige.

I 1886 kom Jon og Kristina til Bykle med ein reinsflokk på 800-1000 dyr. Dei budde først i Breive. Men noko før 1890 kjøpte Jon Jeiskelid, som han fekk namn etter i Bykle. Seinare lensmann Juel Lund gjekk i lære hos Jon, og fekk med seg bøndene i Bykle til å kjøpe nokre reinsdyr. Jon Jeiskelid hjalp dei med merking og gjeting. For dette fekk han sjølv fritt beite.

Kona Kristine døydde i 1894. Jon gifta seg snart igjen, med Berit Kristine Nilsdotter Bergli (f. 1844, d. 1931). I 1897 flytta dei til Simadalen i Eidfjord.

Kjelder[rediger]