Ottar Rygg

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Ottar Rygg
Født: 8. september 1936
Død: 4. mars 2009 (72 år)

Karl Ottar Rygg (fødd 8. september 1936 i Røros, død 4. mars 2009 i Bygland) budde på Longerak. Han var lærar og hadde lærarpostar på Havdal og Voll i Trøndelag før han kom til Bygland skule. Saman med kona Magnhild Rygg overtok han i 1972 Innistog (Longerak), som var slektsgarden til hennar. Dei hadde tre barn, Mari Rygg, Guri Rygg og Leiv Rygg.

Etter at han vart pensjonist, arbeidde han mykje med treskjering. Han skar trerelieff og dekorerte kister og skåp laga av nabo Harald Lislevand. I treskjeringa brukte han ulike akantusmotiv, både ranker og blad. Han skreiv også viser og spelte munnharpe til kos og i venelag. Han skreiv også viser og vers. I 1997 gav han ut boka Viser og vers i ein skumringstimeSetesdalsforlaget. ISBN 82-91820-01-5 På plata Svalande vind som Anne Karin Kaasa gav ut i 1991 er songane Vårblom med melodi av Alf Emil Eik og Haust er fred med hans eigen melodi skrivne av Ottar Rygg.

Kjelde[rediger]

Eksterne lenker[rediger]