Stemhei bustadfelt

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Innkøyringa til Stemhei bustadfelt frå Fv-419.

Stemhei bustadfelt er eit bustadfelt på Moisund sør i Evje og Hornnes kommune. Feltet ligg 300-400 meter frå Rv-9 (Setesdalsvegen), austover langs Fv-419 mellom Hannåsmoen og Klepp. Husa her er bygde frå byrjinga av 1980-talet og frametter. Reguleringsplanen for Stemhei er dagsett 3. november 1980.

Mangeårig ordførar i Evje og Hornnes kommune, Bjørn Ropstad, bur i Stemhei saman med kona Gunda Ropstad. Sonen, stortingsrepresentant Kjell Ingolf Ropstad, er fostra opp her. Det same er kommunestyrerepresentant Line Vennesland, som og har vore på Stortinget (vararepresentant). Ein annan kommunestyrerepresentant og ordførarson, Pål André Ropstad, kjem også herfrå.