Hamre
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Geir Daasvatn

Foto: Geir Daasvatn
Hamre er ein gard (gnr. 48) på vestsida av Byglandsfjorden, nord for Skjevrak og sør for Storstraumen, i Bygland kommune. Det er ikkje jordbruksdrift på staden lenger. Det er tre eigedomar i garden, hovudbruket gnr. 48 bnr. 1, gnr. 48 bnr. 2 Søjordet og gnr. 48 bnr. 3 Sandvannsdalen. Bnr. 1 er det ikkje fast busetnad på, men eigedomen drivast aktivt som ein skogeigedom. Johnny Smeland frå Hornnes har heimelen til denne eigedomen. Heimel til Søjordet har Vidar Frøysnes. Bnr. 3 er ein heieeigedom inn mot grensa til Åseral.
I det bratte fjellet rett vest for garden ligg den nedlagte Hamregruva.
Kjelder
- Reidar Bolling, Gards- og ættesoge for Bygland, 1952, side 311-313
- Gardskart på nett
- Kart og opplysningar i grunnboka på nettsida til Statens Kartverk
- Opplysningar frå Monica Lund Smeland (gnr. 48 bnr. 1) gitt på Setesdalswiki si Facebookside 28. desember 2017
- Gardskart på nett