Munketo

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Munketo er ein sti som går opp den urete og bratte lia frå garden Hamre på vestsida av Byglandsfjorden i Bygland til toppen av Rysefossen høgt oppe i fjellsida. Stigninga opp frå fjorden til toppen er om lag 300 meter. Eit stykke av stien går på skrå over ei to, ei jote, skorte eller hylle i fjellet. På toppen ved fossen er det eit flatt område med panoramautsikt mot Bygland sentrum på andre sida av fjorden. Rett nord for slutten av stien ligg den nedlagte Hamregruva. Då gruva var i full drift frå 1908/1909 og nokre år frametter, var Munketo arbeidsvegen for dei 10–12 gruvearbeidarane.

I Byglands soge frå 1939 skriv Torleiv Bø at det i følge sagnet var munkar som først skal ha funne kopar i fjellet ved Rysefossen. Det skal då vere bakgrunnen for at stien opp til fossen heiter Munketo. Ikkje alle festar lit til denne forklaringa. Namnet kan like gjerne knytast til lensherre Erik Munk. Han dreiv gruvedrift i Arendals-området på 1500-talet, og organiserte også skjerp rundt om i distriktet til inntekt for danskekongen.

Kjelder

Eksterne lenker