Gamlegruva (Flåt)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Tverrprofil av malmsona i gruva med gruvegangar. Gamlegruva med Skråsjakta til venstre på teikninga.
Evje og Hornnes kommune (Gruvearkivet)

Gamlegruva er den eldste delen av den nedlagte Flåt nikkelgruve i Flatebygd i Evje. Inngongen til gruva var rett bak Ringeriksbua, der den gamle Koparhola hadde vore. Herfrå blei det i 1880 anlagt ei slepesjakt med slepeheis, som gjekk på skrå (45 grader) nedover i malmsona. Slepeheisen blei først driven med hestevandring, og seinare med ei 1666 meter lang ståltrådline til eit vasshjul i Oddefossen. Heisehjulet på gruva drog slepeheisen med skråbygde malmvogner og skråbygde vassvogner. Seinare blei vasshjulet bytta ut med dampmaskin.

«Faringa» var gangvegen nedover i gruva. Ho gjekk nedover på høgre side av Skråsjakta, med trapper, slette berg og stigar.

Ved Inntaket, der steinen kom opp av gruva, stod det sterke arbeidsfolk og slegga steinen mindre. Unge gutar knuste malmen vidare med pukkhamarar, til den var på storleik med ein knyttneve, og sorterte den i pukkhuset. Malmen blei så transportert med hest til smeltehytta ved Fennefossen.

Kjelder