Maskinhuset (Flåt)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Ruinen etter Maskinhuset 14. mai 2025.
Informasjonsplakat om Maskinhuset, sett opp av Evje og Hornnes kommune.

Maskinhuset ved Flåt nikkelgruve blei bygd fyrste gong i 1884. Det blei montert inn ein dampmaskin til å drive heisen i skråsjakta i Gamlegruva. Saman med maskinhuset med dampmaskinen høyrde eit høgt heisetårn. Dampmaskinen vr i bruk til noko etter at det kom elektrisk heis i 1909. Han stod i reserve i tilfelle det skulle bli problem med tilførsla av straum frå Evje kraftstasjon i Fennefossen.

Maskinhuset og heisetårnet stod like nord for inntaket på Gamlegruva. I dag er bare fundamentet til maskinhuset tilbake, og området det stod i er tilvaksen med skog.

Kjelder