Fånefjellstunnelen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Tunnelinngangen på sydsida
Foto:Siri Johannessen
Halvtunnelen på sydsida
Foto:Siri Johannessen

Fånefjellstunnelen er ein tunnel på riksveg 9 i Bygland kommune. Tunnelen ligg mellom Lauvdal og Longerak og går gjennom Fånefjellet, som her stikk ut i Byglandsfjorden. Den vart bygd ferdig i 1963 og er 611 meter lang. Før tunnelen vart bygd, gjekk vegen i ein halvtunnel frå 1923 som gjekk rundt neset. Denne kan ein framleis sjå, men på grunn av faren for steinsprang, kan han ikkje nyttast.

Kraftutbygginga[rediger]

Det var utbygginga av Otra som var grunnen til at tunnelen måtte byggjast. Dei store elementa som skulle nyttast i kraftstasjonane til I/S Øvre Otra kunne ikkje fraktast i den tronge halvtunnelen som gjekk rundt fjellet.

Ei vandresoge har festa seg til arbeidet med Fånefjellstunnelen og går slik: Ved utlysing av anbod var det to brør frå Setesdal som klart hadde det lågaste anbodet, og vart kalla inn av ansvarleg ingeniør hjå Vegvesenet. Dei forklåra at dei skulle arbeida innover frå kvar sin kant til dei møttes inne i fjellet.

-Men om de ikkje treffer kvarandre, undrast vegingeniøren?
-Jau, då fær De tvo tunnelar til same prisen, var svaret.

Tunneldrivinga var ikkje heilt lett med dårleg fjell sume stadar. Fjellmassen vart bruka til utbedring av den bakkute og krokute riksvegen sørover mot Longerak, som nå vart til den beste vegstrekninga i Bygland kommune i mange år framover. Fjellsidene i tunnelen vart kvitmåla, men gjennomkøyring på ein ljos dag var ikkje så lett. Seinare kom det ljos og anna som er vanleg i dag.

Ulykker i Fånefjellstunnelen[rediger]

  • 24. juni 2008 vart ein syklist påkøyrd bakfrå inne i tunnelen og frakta til Sørlandet sykehus i Kristiansand[1]

Oppgradering[rediger]

Statens Vegvesen gjennomførte ei større opprusting av tunnelen våren 2018. Alt av tryggleiksutrusting i tunnelen blei skifta ut, og det blei bygd nytt naudfortau. Firmaet B.S Graveservice frå Hauge i Dalane utførte mykje av jobben.[2]

Eit alternativ var å bygge ein heilt ny og noko lengre tunnel.[3] Men det forslaget blei det ikkje noko av.

Referansar[rediger]

  1. Syklist skadd i påkjørsel i Setesdal
  2. Ole Birger Lien, 38 mill. kr. for Fånefjells-jobb, artikkel i Setesdølen nr. 31, 2018, side 13
  3. Ole Birger Lien, Ny tunnel gjennom Fånefjell vil koste meir enn 100 mill. kr., artikkel i Setesdølen nr. 32, 2016, side 5

Kart[rediger]

Laster kart...

Eksterne lenker[rediger]