Einar Uleberg

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Einar UlebergSymbol unrelated.svg
Født: 11. april 1953 (66 år)

Einar Uleberg (fødd 11. april 1953) er ein grossist i NM-medaljar frå Hornnes. Pr. 2013 har han over 600 medaljar frå ulike veteran-mesterskap. Han er og ein veteran for Otra IL i Holmenkollstafetten, der han er den einaste som har sprunge alle etappane i «verdas største stafett».

Uleberg var tidlegare sauebonde og busett på Uleberg i Dåsvannsdalen, i tillegg til å vere aktivitør på Evjeklinikken på Evjemoen. To gonger i veka sprang han då dei åtte kilometerane frå Uleberg til jobben. Han var og gymlærar på KVS-Bygland. No har han overlete heimen på Uleberg til sonen Knut Uleberg, og sjølv flytta ned til Dåsnesmoen bustadfelt i Hornnes saman med kona Bergljot Uleberg.

Ved sida av sin eigen idrettskarriere, har Einar Uleberg vore ein av dei viktigaste pådrivarane for Hornnesmarsjen. Han var ein av initiativtakarane til marsjen då han blei arrangert for aller første gong i 1977 som prøvemarsj, og har vore med i arrangørstaben i Hornnes marsjforening i alle år etterpå (36 marsjar).

2015[rediger]

Under Veteran-NM på Finsnes i Troms vann han 3000 meter hinder, kortbane, langbane og 5000 meter. Dei fire gullmedaljane førte han opp i totalt 75 NM-gull i veteranklassen.

2013[rediger]

Under Nordisk veteranmesterskap i friidrett i Moss tok han fire medaljar: sølv på 2000 meter hinder, 100 meter hekk og 300 meter hekk. Han fekk dessutan bronse på 10.000 meter. Til saman har han 12 medaljar frå Nordisk veteran i friidrett, av desse er ein gullmedalje frå 1997 på 3000 meter hinder.

2010[rediger]

Han tok sin gullmedalje nummer 50 i veteran-NM 15. august 2010 i Florø då han vann 3000 meter hinder. Han tok også sølv på 400 meter hekk og 100 meter hekk.

2009[rediger]

I august 2009 fekk han desse medaljane på Melløs stadion i Moss: Gull på 3000 m hinder, gull på 100 m hekk, sølv på 400 m hekk, sølv på 1000 m stafett – og bronse på 10 000 meteren.

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]