Hornnesmarsjen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Frå Hornnesmarsjen 2. september 2018.
Medaljen som deltakarane får når dei har gjennomført Hornnesmarsjen 35 gonger.
Foto: Geir Daasvatn

Hornnesmarsjen er ein årleg turmarsj som starta i 1977. Arrangør er Hornnes marsjforening.

Marsjen går ut frå Hornnes barneskule og går i lett og greitt terreng oppover Dåsvannsdalen. Han er tilrettelagt for barnevogner og rullestolbrukarar. Ein kan gå tre lengder, ei løype på fem km som går opp til Kallhovd og tilbake, ei på 11 km der ein snur på Støylen og ei på 17 km som går heilt opp til Uleberg før retur. Alle løypene har rasteplassar undervegs. Det vert delt ut medalje eller pins til alle deltakarar.

Historikk[rediger]

Det første året Hornnesmarsjen vart arrangert, i 1977, var ein prøvemarsj. Arrangørane reknar ikkje med dette året når dei deler ut medaljar til deltakarane. Frå 1978 til i dag (2018) er marsjen arrangert kvart år (41 gonger).

I prøveåret 1977 gjekk rundt 350 personar marsjen. Aller flest deltakarar var det i 1982, då heile 711 personar gjennomførde. Dei siste åra har deltakinga mykje ligge mellom 150 og 180 personar. 31. august 2014 gjennomførte berre ca 100 stk. Den låge deltakinga skuldast truleg eit voldsomt regnvær i Evje og Hornnes denne dagen.

Arrangementskomitèen i 2014: F.v. Anna Wikstøl, Eivind Odd Kallhovd, Einar Uleberg og Torgeir Moi.
Foto: Geir Daasvatn

Initiativtakarar til marsjen var Inger Anne Wienenga, Tordis Leifsen, Alf Tore Moen og Einar Uleberg. Seinare har dei sentrale pådrivarane vore nemde Uleberg, Eivind Odd Kallhovd, Torgeir Moi, Sigrun Smeland og Anna Wikstøl.

Etter det ein kjenner til skal desse deltakarane ha fullført alle dei ordinære marsjane (pr. 2014):

Så også[rediger]

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]