Bygland husflidslag

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
(Omdirigert fra Bygland Husflidslag)
Hopp til: navigasjon, søk
Sokkar til nyfødde byglendingar.
(Spita av Gunbjørg Kleivane)

Bygland husflidslag er husflidslaget i Bygland og vart skipa i 7. mars 1963. Laget arrangerar årleg jolemarknad, nokre kurs, strikkekafear og ulike aktivitetar. Laget sitt største arrangement er Lislefarmen, som vert arrangert på Bygland tun tidleg i september. Eit anna storarrangement er joleverkstad på Ose grendehus, som 27. november 2010 vart vitja av 300 menneske.[1]

Aktivitetar[rediger]

2012-2013[rediger]

Bygland husflidslag vil gå vidare med strikkekafe på Tappen kvar 2. og 4. torsdag, Lislefarmen kjem 9. september og joleverkstaden på Ose 2. desember. Strikka sokkar som ein del av velkomstpakka til nyfødde byglendingar og vidare arbeid med forprosjektet for Lusekoftesenteret.

Lusekofte-workshop 14. mars 2013 var ei slik vidareføring av arbeidet.

2011-2012[rediger]

Løyesaum høyrer til ei grautkupte.
Foto: Siri Johannessen

Husflidslaget fortel i si årsmelding om eit stabilt medlemstal dei siste åra, laget har ca 40 medlemmar og av desse er 10 born. Årsmøtet vart halde på Setesdal BunadsenterNeset Camping. Laget hadde fleire aktivitetar, så som

  • Lislefarmen 4. september med tema «Gards- og støylsdrift i gamle dagar». Trass i eit forferdelig vær kom ca 300 innom. På førehand var det dugnad for sauming av forkle til stakken.
  • Joleverkstad 1. sundag i advent, og dit hadde Annemor Sundbø teke med med rokken, og frå Valle kom felespelaren Jamie Lodberg. Oppslutninga var bra.
  • Strikkekafear: Kvar torsdag fram til sumaren på Tappen, og etter ferien har det kvar 2. og 4. torsdag. Her er det fleire som strikkar sokkar som skal vere gåve til nyfødde i kommunen via helsesyster.
    • Besøk frå Husfliden i Valle, som viste og snakka om broderi på gamle stakkar og selde garn. Omkring 30 var til stades.
  • I mai var det tur til Valle saman med Bygland frivilligsentral for å besøke Hasla og Husfliden.
  • Kursverksemd:

Laget er også engasjera i arbeidet med å oppretta eit Lusekoftesenter i dalen. Signe Sollien Haugå, Annemor Sundbø og Bygland kommune er samarbeidspartnarar i prosessen.

Styrer[rediger]

2012-2013[rediger]

Varamedlemmar: Elin Kvaale Hansen, Signe Arneberg og Signe Sollien Haugå

2011-2012[rediger]

Signe Sollien Haugå
Foto: Siri Johannessen

Varamedlemmar: Elin Kvaale Hansen og Solveig Landelius

Referansar[rediger]

  1. Helene Horverak: Koseleg juleverkstad på Ose. Artikkel i Setesdølen nr. 98, 2010 side 12.

Eksterne lenker[rediger]