Helene Horverak

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Helene HorverakSymbol unrelated.svg
Helene Horverak.jpg
Født: 6. september 1973 (45 år)

Helene Horverak (fødd 6. september 1973) var tilsett som journalist i Setesdølen frå 1. august 2010 i eit årsvikariat for Ole Birger Lien. Ho hadde då permisjon frå stillinga som kyrkjeverje/kyrkjelydsarbeidar i Bykle, ei stilling ho starta i 1. januar 1999. Før det hadde ho vore lærar på Songdalen ungdomsskole i halvanna år. I oktober 2011 slutta ho i Bykle for å begynne i tilsvarande stilling i Hellemyr menighet i Kristiansand.

Utdanning[rediger]

Etter allmennfagleg vidaregåande skule på Kvitsund gymnas, der ho var ferdig i 1992, hadde Helene Horverak fleire jobbar som lærarvikar i Meløy og Rødøy i Nordland eitt år før ho starta på lærarskulen i Bodø, der ho gjekk i tre år. Siste året tok ho ved Høgskolen i Agder.

Helene vaks opp på Horverak i Bygland kommune som dotter til Reidun og Sigbjørn Horverak. Ho har hatt mange sommarjobbar opp gjennom åra, mellom anna som medarbeidar på Neset Camping, på turistinformasjonen på Evje og som guide på Bygland Tun museum. Ho har vore guide både i Setesdal og Nordland.