Lusekofte-workshop 14. mars 2013
Lusekofte-workshop 14. mars 2013 vart halde på Ose turistheim 14. mars 2013 klokka 11.
Referat
Setesdalswiki har fått eit referat frå verkstaden:
Bakgrunn
For ei beite sidan fekk Bygland husflidslag ein ide: dei vil freiste å få til eit senter som sett strikkelusa og setesdalskupta i ljoset. Dei trur at langvegsfarande (óg kalla «kvalitetsturistar») kan lokkast til dalen av plagget som har gjort Setesdalen til eit omgrep verda rundt. Dei farande kjem langs vegen eller over verdsveven for å læra meir om dalen okko, rik på tradisjonar som han er. Dei kjem og for å sjå og læra teknikkane og materiala som blir nytta og elles til dømes natur og segn. Torsdag 14. mars kalla Birgit Aakhus og Signe Sollien Haugå kvende og kara til stemne på Ose turistheim klokka 11.
Referat
Rundt langbordet samla ti kvende seg rundt matgrytene, og straks tok praten om senteret til. Annemor Sundbø tjuvstarta foredraget om historia bak kupta, og fortelde mellom anna at spelsauen truleg hadde vore ein viktig orsak til at kupta vart svart og kvit, og praten om kva som kunne være mogleg med eit slikt «kontor» flaut fritt. Mellom deltakarane var óg husflidskonsulent Kathrine Bringsdal frå Vest-Agder Husflidslag, som nemnde at Aust-Agder Husflidslag har eit seminar på Hoveleiren på Tromøy ved Arendal 13. april 2013 der mellom anna strikking med uspunnen spælsau- ull vil bli vist og Karin Bøe vil tala om si nye bok Rugger og brossar. Ann-Jorid Pedersen frå Mimir, som arbeider med å sjå kva som kan gjerast for at ferdafolk skal vitje nye attraksjonar, leia den siste bolken. Ho viste døme på aktivitetar og fortelde kvifor farande valde å dra akkurat dit, føre myldringa og tankedugnaden tok til. Resultatet blei ei dør med mange gule lappar med nykkelord på.
Konklusjon
Sluttsummen blei at setesdalskupta er eit unikt plagg som famnar vidt, ho har vore både økonomisk og sosialt viktig. Den kunne gi kvende ei sårt tiltrengd inntekt, og seinare gav ho norsk tekstilindustri millionar i inntekter etter at kupta vart kjend og ein del av moten i byane. Det vart óg særs klårt at eit slikt senter må vere eit «nav» for heile dalen. Det skal leggje til rette så me kan ta vare på det som kallast den «immaterielle kulturarven» og «raudlisteteknikkar», og som samstundes kan gje «kvalitetsturistane» nye erfaringar og ei kjensle av at dei har funne noko ekte. I dette arbeidet er det viktig at kulturberarar, forteljarar, handverkarar og andre er med. Somme av dei farande ynskjer å kaupe ferdige strikkeplagg, medan andre til dømes kan ynskje å bli kjend med kulturen, lære meir om rugger og bunader, bli kursa i spinning av (spelsau-)ull, løyesaum eller å bake brau. Ferdafolket skal ikkje berre transporterast gjennom ei erfaring, dei skal vere ein del av ho. – Myldringa stogga her, men historia stoggar ikkje her, meir kjem seinare.
Kjelde
- Frå Bygland husflidslags referat