Lislefarmen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Lislefarmen 2010
Frå «Byglandsbruddaupet» (2010)
Bygland tun 2014

Marknaden Lislefarmen finn stad kvar fyrste sundag i september mellom 12 og 17 på Bygland tun (Bygland museum) ved Glashytta i Bygland. Det er ein stad der likt og ulikt demonstrerast, ein marknadsplass fylt med (husflids)varer som gjerne er handlaga og kortreiste frå natur- og kulturmark i dalen. Bak Lislefarmen står husflidslaget og mållaget i samarbeid med andre lokale krefter.

7. september 2014Anne Karin Kaasa og ny scene

Arrangementet vart avlyst på grunn av uvêr.

I år skal den nye scena som er sponsa av Sparebanken Sør innviast med ein opptreden av Anne Karin Kaasa og Leikarringen frå Austad. På marknaden er det natursti og aktivitetar for små og store, open glashytte, og sal av mat som til dømes setesdalssuppe, rjomegraut og lefser med noko å drikke til. Det blir sal av handverk og anna frå bodar (det er plass til fleir!) og sist men ikkje minst vil det bli visa korleis belte og tipleband til stakkane lagas på bandvev.
1. september 2013 – Lokalt internasjonalt
Mellom deltakarane var Bygland Bygdekvinnelag som hadde ein eigen bod med eit sterkt lokalt og internasjonalt preg. På standen sin hadde dei lynlotteri, sal av blåbær frå Bygland og middag og dessert frå Irak, og folk fekk smake ulike rotgrønnsaker med. Det blei dessutan visa korleis ein syr løyesaumen som prydar både bunad og Setesdalsgenseren.
Irakisk mat er og lokalmat
Løyesaumarane Tone Omnes og Klara Wathne
9. september – «Stølsliv i Setesdal»
Marknaden vara frå 13 til 17, og i tillegg til marknaden var det mellom anna tevlingar for born og vaksne, Austad Leikarring dansa og eit fantefye kom innom.
5. september 2010 – Vikingmarknad og Byglandsbruddaupet
Dette året var minst 500 innom Lislefarmen som hadde vikingetida som tema. Koret «Kong Hanes Efterfølgere» var med, og elevar frå Bygland oppvekstsenter viste skodespelet «Byglandsbruddaupet» som er bygd på ein tekst av Hans E. Kinck. Stykket var eit samarbeid mellom folkemusikkprosjektet og skulen, og regissør Bjørn Ravn Carlsen frå Rogaland Barne og Ungdomsteater hjalp til med det. Alle foto i galleriet: Signe Sollien Haugå

Kjelder[rediger]