Rolvskvil

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Rolvskvil er ei likkvile på austheia i Valle. Ho ligg på snaue berg ved det høgaste punktet langs Bispevegen, 1140 moh., etter oppstiginga frå Tveitebø opp Syndre Skòr. Ho er ei oval, 1,9 meter lang likkvile. Hovudsteinen minnar om ein kodde (ei hovudpute) og ligg i den sør-vestre enden der berget er høgast, så ein ser mot nordaust når ein ligg i likkvila. Utsynet innover i Finndalen opnar seg her.

Ein reknar med at Rolvskvil er frå førreformatorisk tid. Ho er automatisk freda.

I Johannes Skar, Gamalt or Sætesdal, band I, side 26 skriv Skar om segna om Tveitebøkjempa Rolv. Han drap ein mann. Han skulle sleppa dødsstraff om han låg ute julekvelden, med så mange lag med kledningar han klarte å gå med. Rolv gjekk med sju fulle kledningar.

«Segna om å sleppa dødsstraff ved å overnatte jolenatta med sju klede utanpå kvarandre, går berre om denne eine likkvila. Det er påfallande. Og det endå ein finn mange andre likkviler med liknande hovudstein. [---] Rolvskvil er nok eigentleg ei likkvile. Men så har folk dikta opp denne segna om ein levande mann», skriv Torfinn Normann Hageland i storverket sitt om brudled, likkviler, varp og andre steinsetjingar på Agder og i Rogaland.

Kjelder