Axel Sigfred Leween

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Axel Sigfred Leween
Født: 18. februar 1875
Død: 16. januar 1946 (70 år)

Axel Sigfred Leween (fødd 18. februar 1875, død 16. januar 1946) var handelsmann og lokalpolitikar for Arbeidarpartiet i Hornnes.

Leween kom opphaveleg frå Vestergøtland i Sverige. Han kom til Noreg som anleggsarbeidar i 1894. Han etablerte seg som landhandlar på Moisund i Hornnes i 1909. Her blei han gift med Mari G. Leween (fødd Vetrhus).

Axel Leween kom med i heradstyret i Hornnes kommune i 1908. Med unnatak for åra 1920-1922 sat han i heradstyret til han døydde i 1946. Han var varaordførar 1917-1919, og orførar i to periodar frå 1935. Utanom dette hadde han dei fleste andre kommunale tillitsverv.

Olaf Kallhovd, ein annan markant lokalpolitikar i Hornnes, har skrive slik om Axel Leween sin store innsats som lokalpolitikar i Hornnes: - Det var jamn framgang på nær sagd alle umkverve i hans ordførartid... Ved dugleik og rettvise vann han vyrdnad og tiltru hjå alle parti, og dette gjorde mykje til at partistriden i denne tidi var mindre krass.

Kjelder