Aslak K. Austad

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Aslak K. Austad
Født: 1912
Død: 2004 (alder 91–92)

Aslak Knutson Austad (fødd 1912, død 2004) var elektromontør, gardbrukar og kulturberar i Bygland. Han budde størstedelen av livet på gardsbruket EkronAustad.

Arbeid[rediger]

Aslak var utdanna som elektrikar. Han arbeidde i Oslo og under 2. verdskrigen nokre år i Kristiansand. Etter det reiste han heim til Setesdal. Han dreiv monteringsabeid på fjellgardane i Bykle. Seinare starta han eiga installasjonsverksemd med lokale på Ose. Han var med på Brokke-utbygginga på 1960-talet. Frå 1968 var han med på utbygginga ved Hovatn. Han var maskinist for Kristiansand Elektrisitetsverk 1970-1979. Arbeidet kom i tillegg til gardsarbeidet.

Kommunale verv[rediger]

Aslak var med i Bygland kommunestyre i to periodar. Han var jordskiftemann og takstmann. Frå 1960 var han medlem i Austad forliksråd, og frå 1964 leiar. Sonen Knut blei seinare ordførar i Bygland.

Kultur- og fritidsinteresser[rediger]

Aslak var i ungdomstida ein aktiv idrettsutøvar, både i hopp og langrenn. Han var formann i Austad idrottslag i ei årrekke. Han var også aktiv kvedar og folkedansar. Han dansa mykje saman med Torbjørg Aamlid Paus. Dei gjekk heilt til topps i Landskappleiken. Aslak var leiar i Setesdal Spelemannslag 1948-1953 og 1965-1966.

Aslak gjorde også eit stort arbeid med å samle tradisjonsstoff, mellom anna etter Olav Eivindson Austad. Saman med broren Olav K. Austad gav han ut boka Setesdals-stev i 1985. Han skreiv jubileumsskriftet då Austad kyrkje hadde 100-årsjubileum i 1980. Han var klokkar og ringde jola inn på Austad heilt frå 1940-talet til 1997.

Familie[rediger]

Aslak var gift med Liv G. Austad (fødd Haugen) frå Haugen i Hylestad. Dei gifta seg i eit stort, tradisjonelt Setesdalsbryllaup 7. juli 1951. Dei fekk tre born, Brigde (f. 1952), Knut (f. 1953) og Tone (f. 1958). Foreldra hans var Knut K. Austad (f. 1868 - d. 1943) og Brigde Å. Austad (f. Bygland 1873 - d. 1942).

Heider[rediger]

Kjelder[rediger]