Haugen (Valle gnr. 66)

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Noko av Haugen og Hovet 29. januar 2017.

Haugen er ein gard (gnr. 66) i Hylestad, på austsida av Otra, i Valle kommune. Dei to gamle hovudbruka på garden ligg sør for Hovet. Men garden har også buplassar nordafor Krokan, som er den nordlegaste bustaden på Hovet. Garden er såleis nokså langstrekt frå sør til nord; over tre kilometer i luftlinje.

Grensene mot nabogarden Hovet er temmeleg innfløkte. «Det slår ein med ein gong at det to gardane i si tid har vore ein», skriv Alfred Ryningen i gards- og ættesoga for Hylestad. Han meiner Hovet kan vere den eldste garden av dei to, og at Haugen er skild frå seinare. Bjørgum og Straume er nabogardar i sør. I aust går garden heilt inn til fylksgrensa mot Telemark. I nord ligg gardane i Valle. På vestsida renn Otra. På andre sida av elva ligg Nomeland.

Frå Riksveg 9 på Nomeland går Fylkesveg 332 over Skagen bru fram til Haugen og Hovet. Lokalt heiter første delen av vegen Skagevegen. Gjennom Hovet og Haugen kallast han Hovetvegen.

Historie[rediger]

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...