Andreas Anderssen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Andreas Anderssen
Født: 29. april 1879
Død: 26. desember 1945 (66 år)

Andreas Anderssen (fødd 29. april 1879 i Østerdalen, død 26. desember 1945 i Drøbak), var ein norsk sjøoffiser (kommandørkaptein) og losoldermann. Han var son til prost Anders Anderssen og hans første kone Ingeborg Andrine Hansen (død 1895).

Anderssen kom til Evje med familien då faren vart tilsett som prost i distriktet i 1883. Etter oppvekst i Evje prestegard fekk han militær utdanning. Han vart sjøoffiser i 1900 og tok eksamen på Sjøkrigsskulens øvste avdeling i 1903. I to periodar (1910-1916 og 1919-1928) var han sjef for torpedobatteriet på Oscarsborg festning ved Drøbak. Etter det vart han pensjonert frå teneste i Forsvaret, og var berre tenestepliktig i krig. Han arbeidde i denne perioden som disponent for eit kolfirma i Drøbak og seinare som losoldermann.

9. april 1940 tenestegjorde Anderssen som nestkommanderande på Oscarsborg festning. Kommandant på festninga var oberst Birger Eriksen. Anderssen var blitt tilkalt av Eriksen for å vere sjef for torpedobatteriet.

I morgontimane 9. april makta ikkje oberst Eriksen å få kontakt med sine overordna i forsvarsdepartementet og marinen. Han gav på eige initiativ ordre om å opne ild frå kanonbatteria på festninga mot dei inntrengande tyske krigsskipa. Kanonilden gjorde stor skade. Då eit stort og langt fartøy kom sigande i mørket – det som seinere synte seg å være den tyske kryssaren Blücher – sende Anderssen avgarde to torpedoar frå torpedobunkeren langt under bakken og Blücher var dødsdømd. Slik blei Anderssen «evdølen som torpederte Blücher».

Oscarsborg festning kapitulerte seinare på dagen 9. april. Anderssen vende tilbake til det sivile livet og arbeidet som hamnesjef/losoldermann i Drøbak.

Etter krigen blei kommandørkaptein Andreas Anderssen tildelt Krigskorset med sverd, den høgste utmerkinga i Noreg, og vart dekorert av Kong Haakon på Slottet for «fremragende innsats på Oscarsborg Festning under kamp med inntrengende tyske krigsskip den 9. april 1940, hvilket førte til senking av den tyske krysser Blücher».

Anderssen døydde av slag 26. desember 1945.

Utmerkingar[rediger]

Krigskorset med sverd, Noregs høgaste utmerking

Kjelder[rediger]

Anders Anderssen, Evdølen som torpederte Blücher, artikkel i Arnstein (2012), s. 41-43.