14. april 1940
Hopp til navigering
Hopp til søk
april | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
⧼må.⧽ | ⧼ty.⧽ | ⧼on.⧽ | ⧼to.⧽ | ⧼fr.⧽ | ⧼la.⧽ | ⧼su.⧽ |
1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 |
8 | 9 | 10 | 11 | 12 | 13 | 14 |
15 | 16 | 17 | 18 | 19 | 20 | 21 |
22 | 23 | 24 | 25 | 26 | 27 | 28 |
29 | 30 |
14. april 1940 var ein søndag.
Hendingar
- Natt til 14. april var det blitt inngått 24 timars våpenstillstand med tyskerane, som dagen før, 13. april, hadde rykka fram og tatt Evjemoen. Våpenstillstanden skulle vare til 15. april klokka 3.30 om morgonen
- Straks Evjemoen var tatt, sette tyskarane i gang bygging av ein provisorisk flyplass av trelemmar der. 14. april var det 35 tyske fly på Evjemoen
- Kommanderande general for dei militære styrkane i Setesdal, generalmajor Einar Liljedahl, heldt møte med offiserane sine i feltkontoret han hadde oppretta i Ose Turistheim på Ose. Den militære stillinga blei inngåande drøfta. Samtlege som var til stades på møtet gjekk inn for å forhandle vidare med tyskerane og mot kamp. Møtet slutta likevel med at avdelingane fekk ordre om å bli verande i stillingane sine i området rundt Syrtveit
Kjelder
- Johan Christian Frøstrup og Bjørn Davidsen, Aust-Agder under okkupasjonen. Glimt fra krigsårene 1940-1945, Friluftsforlaget, 2017, side 92-93
- Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes, band II, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemnd, 2003, side 132
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VII, Kultursoge 1, utgeve av Valle kommune, 1994, side 507-508