13. april 1940
Hopp til navigering
Hopp til søk
april | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
⧼må.⧽ | ⧼ty.⧽ | ⧼on.⧽ | ⧼to.⧽ | ⧼fr.⧽ | ⧼la.⧽ | ⧼su.⧽ |
1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | 7 |
8 | 9 | 10 | 11 | 12 | 13 | 14 |
15 | 16 | 17 | 18 | 19 | 20 | 21 |
22 | 23 | 24 | 25 | 26 | 27 | 28 |
29 | 30 |
13. april 1940 var ein laurdag.
Hendingar
- Tyskarane rykka inn på Evjemoen, utan å møte motstand. Dei norske styrkane var nå trekte tilbake til området rundt Syrtveit og Byglandsfjord. Evje kom mellom styrkane, og blei delvis evakuert for å hindre sivile tap om det skulle kome til kamphandlingar
- Øverstkommanderande for dei militære styrkane på Sørlandet, generalmajor Einar Liljedahl, hadde nå trekt seg nordover i Setesdal til Ose og Ose Turistheim med staben sin
- Om ettermiddagen kravde tyskerane at dei militære styrkane skulle overgi seg. Kravet vart avvist av general Liljedahl. Han gav ordre til major Finn Backer, som leia styrkane ved Syrtveit, om at dei skulle sette seg fast der og hindre tyskarane å kome seg vidare fram på begge sider av Otra. Natta mellom 13. og 14. april blei det inngått våpenstillstand, etter førespurnad frå general Liljedahl. Tyskerane godtok dette, og våpenstillstanden skulle vare til 15. april 1940 klokka 3.30
Døde i dag
Kjelder
- Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes, band II, 2003, side 130–140
- Johan Christian Frøstrup og Bjørn Davidsen, Aust-Agder under okkupasjonen. Glimt fra krigsårene 1940-1945, Friluftsforlaget, 2017, side 85 og 87