123 turer i Aust-Agder, Nissedal og Fyresdal

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Bokomslag, 123 turer i Aust-Agder, Nissedal og Fyresdal

123 turer i Aust-Agder, Nissedal og Fyresdal kom ut på slutten av 2011. Utgjevar var Aust-Agder Turistforening i Arendal, og det var Øivind Berg som var redaktør. Med seg som forfattarar hadde han Nils Hermann Egeland, Harald Heggland, Roald Knutsen, Jens Ragnar Larsen, Jekke Liby, Torstein Olsen og Dag Pettersen. Med så mange medarbeidarar med på laget så vart boka omfattande. Heile 350 sider med omtale av 123 turar i heile Aust-Agder fylke og i den delen av Telemark som er naturleg oppland for Arendal.

Kvart turopplegg er illustrera med kart og gode opplysande bilete, og det er ein oversikt for kvar kommune med fargekode for fottur, skitur, sykkel- eller padletur. Sjølvsagt er det omtala flest turar i dei mest folketette områda, men også ein god del turframlegg i innlandet er med, også i Setesdal og i grensekommunane i vest. Dette er dagsturar, men gjerne i kombinasjon med hytter og løypenett som Aust-Agder turistforening har i heiane. Ein oversikt over hytter og fyrstasjoner er også med.

Det ligg fleire år med dugnadsarbeid bak denne boka, og målet har vore å få med dei lokale løypene rundt om i tillegg til turistforeningas eigne løyper. Ein kjenner til at dei har hatt kontakt med kommunane rundt om for å få med mest mogeleg. Det er slik at når ein blar i boka så får ein lyst til å leggja i veg med ein gong.

Utgjevar var Aust-Agder Turistforening, ISBN 978-82-998870-0-7.

Turar i Setesdal[rediger]