Gloppefossen

Gloppefossen er ein foss i Valle kommune. Fossen er ein stad mellom 116 og 280 meter høg, og ein av dei høgaste fossane i Setesdal. Fossen er ein del av Veiåni, som kjem frå Husebøvatnet. Vassføringa er stor i fossen heile sommarhalvåret, så fossen er verd å sjå og i turkeperiodar.
Omdiskutert høgde
I nokre kjelder er høgda på fossen oppgjeve til 230 meter, og i andre 280 meter. Andre kjelder igjen seier 120 meter. Det loddrette fallet skal vere rundt 100 meter.[1]
Vern

I samband med utbygginga av Brokke Nord vart spørsmålet om Veiåne skulle vere med i prosjektet vurdert. Departementet skriv då: «Departementet vil derfor i samsvar med NVEs tilråding ikke gå inn for å gi konsesjon som omfatter overføring av Finndalsbekken (Trydalsbekken/Trydalstjern) samt Veiåni/Torvikvatn.»[2]
Å kome dit
Parkering kan skje ved Riksveg 9 like nord for Lunden camping. Det er merka tursti inn Veiågjuvet til Gloppefoss. Fyrste delen av turen går på grusveg, sidan vert det traktorveg. Det er ein flott natur med høge fjell på begge sidene av elva «Veiåne». Turen inn til fossen tek om lag 2 timar. Det er ikkje hytter eller hus i området der vegen går. Ein skal krysse Veiåne fleire gonger, normalt er det ikkje noko problem, då elva ikkje er djup. Ved normale vertilhøve høver turen godt for familiar med born. Etter langvarig regnver auker vassføringa i elva kraftig og ein lyt vurdere om kryssing av elva er trygt.
Sommaren 2017 blei det bygd ei lita bru over åna i området ved postkassa. Det har gjort kryssing av elva enklare her. Det førte til at turløypa kunne få endra klassifisering frå raud løype til grøn løype.[3]