Stavtjørnheii

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Skjeldan vindstille oppe på Stavtjørnheii
Kilstjønni like aust for toppen
Foto: Reidar Tveito
Vestre Kile sett frå Busetheii
Foto: Reidar Tveito
Gnuldrehei
Foto: Reidar Tveito

Stavtjørnheii er ein 963 meter høg topp nord i Bygland austhei, mellom Hovatn og Vestre Kile. Dette var høgaste toppen i tidlegare Sandnes kyrkjesokn fram til samanslåinga av dei tri nordlegaste sokna i Bygland kommune i 1997.

Planar om vindkraftverk[rediger]

I 2011 låg det føre planar om vindkraftverk i dette området, på Gnuldrehei, Reiskvæven og Rossetjørnfjelli, i vest og sør for Stavtjørnheii. Vert dette prosjektet gjennomførd, vil det bli sett opp 66 turbinar spreidd utover på eit 8,6 km2 stort område. Det er delte meiningar om prosjektet, som ennå ikkje var avgjort i januar 2013.

Korleis koma hit[rediger]

Frå Åraksbø kan ein køyra etter ein bomveg til austsida av Hovatn, og gå nordover derifrå.

Greiast er det truleg å køyra bomvegen opp frå Austad til nordenden av Hovatn. Tidlegare har Aust-Agder Turistforening hatt ei merka løype denne vegen over til Vestre Kile, og vidare mot Kvipt eller Birtedalen i Telemark. Denne løypa er nedlagd slik at løypemerkinga forsvann eit stykke oppe i lia ovanfor Hæringsstøylen, i 2010. Ved vasskiljet mot Kilsvatn kan ein så fylgja heiedraget mot sør-aust, over Busetheii til Stavtjørnheii. Dette er eit greit terreng med god utsikt i alle retningar.

Aust-Agder Turistforening kom med ei bok i 2011 der ein rundtur i dette området er med, fylgd opp med gode fakta og bilete.

Kart[rediger]

Laster kart...

Kjelder[rediger]

Sjå også[rediger]

Eksterne lenker[rediger]