Ugledalen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Ugledalen ligg langsmed fylkesveg 45 frå Rotemo til Dalen, om lag om lag 12 km frå Rotemo. Det er om lag 20 km til Valle sentrum. Valle kommunestyre godkjente i møte 29. mars 2017 at det kan kome 9 hytter totalt i Ugledalen. Området ligg saman med dei eksisterande hytteområda på Edan.

Området ligg sør for Edansheii hyttefelt med om lag 60 hytter som vart bygd på 1970 og 80-talet. Det er vidare om lag 100 hytter nordover på båe sider av fylkesvegen frå Edan til Blåsteinsåne.

Frå Bakkebu til fylkesgrensa mot Telemark er det bygd om lag 300 hytter og ca 50 tomter som ikkje er utbygd frå tidlegare godkjende reguleringsplaner pr. mars 2017.

Kjelder[rediger]

  • Informasjon frå saksutgreiing til kommunestyemøtet 29. mars 2017