Kile (Bygland)



Kile (Vestre Kile) er ein nedlagt og veglaus heiegard (gnr. 17) nord-aust i Bygland, langt inne i Setesdal Austhei, om lag midt mellom Birtedalen i Fyresdal og Åraksbø. Garden har tre bruk. Den siste oppsitjaren på garden var Eivind Gjermundson Kile, som sat på bnr. 3. Han flytta frå staden i 1972, og døydde i mai 1973.
Namnet
Det offisielle namnet på garden er Kile. I Fyresdal ligg ein gard med same namn og same gardsnummer. For å halde gardane frå kvarandre, brukte ein namnet Vestre Kile om garden i Bygland og Austre Kile om garden i Fyresdal. Garden ligg på austsida av ein kil i Kilsvatn. Kile tyder då garden ved Kilen.
Historie
Det er gjort mange registreringar av fornminne i området der Kile ligg. Ved Kilsvatnet er det registrert to jernvinneplassar. Ved utlaupet av Vånarosen, eit par kilometer mot sør-aust, er det funne flint og kvarts.
I ein artikkel om Kile i Jol i Setesdal 1973 skriv Sigmund Skomedal at den første sikre busetnaden han har høyrt om på garden skriv seg tilbake til om lag år 1500. Men truleg har det vore folk på Kile lenge før det, skriv Skomedal vidare, kanskje alt før Svartedauden. I gards- og ættesoga for Bygland er Reidar Vollen inne på at Kile ikkje har vore eigen gard før han blei rydda på 1600-talet. Før dette, før 1638, må garden ha vore utmark som høyrde til Åraksbø, meiner Vollen.
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, band III, utgjeve av Bygland kommune, 2005, side 749-814
- Sigmund Skomedal, Lampa har slokna på Vestre-Kile, artikkel i Jol i Setesdal 1973, side 18-20
- Gunnar Stubseid, Då papa var lærar på Kile i Bygland, artikkel i Jol i Setesdal 2019, side 12-16