Høgås skianlegg

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Høgås skianlegg hausten 2013.
Høgås skianlegg 7. januar 2016.
Foto: Geir Daasvatn

Høgås skianlegg i Evje og Hornnes kommune vart bygd i 1999. Anlegget har konkurranseløyper frå 250 meter til 15 km. Ein finn og ei sju kilometer lang lysløype og ei 8,1 kilometer lang handikappløype i anlegget, som Otra IL og grunneigar Trygve Jokelid eig. Anlegget har og ein hoppbakke på K20 og ein bakke for skileik. Det er lagt ned vassleidning på 1,4 km som leverer vatn til to mobile snøkanonar.

Vedlikehaldet av løypene i vintersesongen skjer for ein stor del på dugnad. Om det er lite snø ved kysten, er besøket på Høgås skianlegg opp mot 20.000, men når det er gode snøtilhøve ved kysten, går talet nedover mot 10.000 i løpet av ein sesong.

Primus motor for utbygginga av anlegget har, utan forkleining for nokon andre, vore Geir Magne Feed.

Kjelde[rediger]

Eksterne lenker[rediger]