Åsen (Evje)

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
(Omdirigert fra Åsen)
Hopp til: navigasjon, søk
Ormetjønn med husa i Åsen i bakgrunnen 25. august 2018.

Åsen (tidlegare Ormetjønnåsen) er eit gardsbruk (gnr. 51 bnr. 3 m.fl.) på heia mellom Flatebygd og Gautestad, sør for Fv-306 (Gautestadvegen) i Evje og Hornnes kommune. Bruket ligg på garden Åsland sin grunn. Eigar (2014) er Trygve Jokelid. Frå siste halvdel av 2000-talet har det skjedd ei stor utbygging av fritidsbustader på garden, i Høgås hyttefelt. Høgås skianlegg og delar av det omfattande løypenettet som høyrer til anlegget ligg og på Åsen sin grunn. Det same gjer urskogen Røyrtveit naturreservat.

Historie[rediger]

Ormetjønnåsen, som seinare vart til Åsen, var øygard (seter) til eit bruk på Åsland. Dei første som slo seg ned og busette seg på garden fast var Nere Johnson Ljosland og Kari Ljosland (fødd Hamkoll) frå Åseral. Det var på 1840-talet. Seinare hadde sonen deira Syvert Nereson garden saman med kona Siri Nereson (fødd Raustøl). Siri og Syvert fekk sonen Knut, som tok til å skrive namnet sitt Knut Åsen. Knut gifta seg med Berte Åsen (fødd Åsland), og dei dreiv garden vidare.

Berte og Knut fekk sju born. Mellom dei var Store-Knut og Siri. Knut Åsen (Store-Knut) gifta seg med Ingeborg Åsen, og dei overtok garden. Dei var barnlause. Store-Knut fekk ein helseknekk i unge år. Han og Ingeborg selde difor i 1941 garden til systerson til store-Knut, Knut Jokelid. Han var gift med Gro Jokelid. Foreldra til Knut, Siri Jokelid og Tomas Jokelid, flytta med. I mange år dreiv dei garden saman.

Midt på 1970-talet overlet Knut garden til sonen Trygve Jokelid, som altså driv han i dag saman med kona Jorunn Jokelid.

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...