Ås
Ås er ein gard (gnr. 4) høgt oppe i lia vest for Otra, nord for Birkeland og sør for Moseid i Evje og Hornnes kommune. Han ligg mest som ein enklave inne i Birkeland-garden. Det er tre bruk på garden.
Naturgjevne, usamansette gardsnamn er i regelen mellom dei eldste. Dette stemmer ikkje alltid i Otra-dalføret. Det er ikkje funne gravhaugar eller andre fornminne på Ås. Det taler for at garden truleg ikkje er eldre enn frå mellomalder (1200-talet). Kanskje er garden skild ut frå garden Birkeland. Han låg aude etter svartedauden, og har nok hatt meir mark tidlegare. Den første oppsittaren ein kjenner namnet til, er Halvor Ås (frå 1610).
Det vart bygd veg fram til garden på første halvdel av 1920-talet. Seinare kom det veg vidare inn til toppen av Fennefossfjellet, som ligg sør for Ås. I dag er vegen stengd med bom, men han er ei fin turløype.
På garden vart det i mange år på første halvdel av 1900-talet drive ei rik feltspatgruve.
I dag er det ikkje fast busetnad på bruka på Ås. Men både husa og den dyrka jorda vert halden fint i stand.
Sjå også
Kjelder
- Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Hornnes, artikkel i Arnstein, årsskrift for Evje og Hornnes Sogelag, 2006, s. 33
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeven av Hornnes bygdesogenemd, 1969, s. 87-99
- Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeven av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1969, s. 69 og s. 288